Sv: Husalarm - Sector eller Verisure - erfaringer?
Kor vanlig er det å ha alarm no til dags? Er det vanlig i rekkehus og blokkleiligheiter også, eller er det stortsett einebustader?
Eg bur i rekkehus i burettslag og ingen av mine naboar har alarm. Sector-selgeren er stadig på døra og masar. Etter at han dukka opp midt i Nytt på Nytt på ein fredags-kveld har eg bestemt meg for å boikotte Sector 
Vi har eit system som ikkje er knytta opp mot eit selskap. Det er kun knytta opp mot våre mobiltelefonar. Når alarmen går ringer mobilen min og ein datastemme seier "Fire, Fire!" eller "Burglar, burglar!", alt ettersom kva for ein alarm som har gått. Så har vi web-kamera knytta opp mot ein app på mobilen, så eg kan gå inn på den appen og sjå om det er nokon i huset eller om det er brann/røyk. Som oftast er det eldstejenta som ikkje har rukke å skru av alarmen innan 30 sekund etter at ho kom heim.
Dette systemet er langt billigare enn Verisure og Sector, men er sjølvagt meir sårbart. Dersom eg er på ferie og plutselig blir oppringt med "Burglar, Burglar!"-melding går det jo for lang tid før eg får gjort noko med det. Eg kan ringe politiet dersom eg ser nokon på web-kamera-appen, men eg veit ikkje om dei faktisk gidd å rykke ut. Systemet er heller ikkje så avansert at eg kan ha det på om natta. Då vil alarmen gå dersom nokon går på do om natta.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|