Sv: Du som henger på FP og er dame, er klesvasken ditt ansvar?
Vanskelig å definere.....Det er stortsett han som vaskar handdukar og sengetøy. Han har ein tendens til å vaske klær på for høg temperatur, så eg har bedt han holde seg unna mine klær. Dermed har det endt opp med at det er eg som har ansvar for å sette på maskiner med klær. Men når det gjeld å henge opp klær og brette tørre klær gjer vi omtrent like mykje. Han påstår at han ikkje ser forskjell på jentene sine klær (str 152/158 vs 122 ) og påstår også at han ikkje skjønnar systemet i mitt skap, så han likar ikkje å legge på plass klær i skapa. Då ropar han heller på jentene og ber dei hente klærne sine sjølv. Og det burde heilt klart eg og gjere i staden for å springe fram og tilbake mellom romma med store bunkar med klær. Eg blir berre så lei av å mase og det går ofte raskare å gjere det sjølv enn å vente på at dei skal gjere det.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|