Sv: Hvilke filmer klarer å holde seg best til boka?
Eg liker og veldig godt filmatiseringa av Låt den rätta komme in. Sjølv om det blir gjort ein del utval i forhold til boka, som jo er heilt nødvendig når ein skal få plass til 500 sider på to timar, synest eg dei utvala som er gjort tar veldig godt vare på stemninga i boka og at filmen dermed er veldig trofast likevel.
Elles synest eg generelt at tv-seriar gjer seg betre til å ivareta romanformatet, medan film er betre egna til adaptasjon av noveller. Litt ved sida av det du spør om, men det er mange gode filmatiseringar av romanar i form av tv-seriar.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|