Sv: Demokrati i barneskolen
Ja, vi har trivselsleder-ordning på vår skule og eg syns det fungerer greit.
Det er to i klassen som blir valgt og dei byttar kvart halvår. Den som har vore trivselsleder får ikkje stille til valg igjen. Dermed er det ganske mange som rekk å vere trivselsleder i løpet av barneskulen.
Min stille, sjenerte femteklassing klarte å bli valgt i fjor, så det virkar ikkje som om ein må vere så voldsomt populær for å bli valgt. Eg tvilar på at ho meldte seg som kandidat sjølv, så eg tippar at læraren hadde ein finger med i spelet der.
Har aldri høyrt noko om stemme-verving slik som det tydeligvis er på din skule, Imma. Og bursdags-trusselen er det ikkje vits i å dra, for det er regel om at alle skal invitere alle av samme kjønn eller heile klassen.
Det er også valg av elevrådsrepresentantar i kvar klasse. Har ikkje høyrt noko om at det har utvikla seg til ein popularitetskonkurranse heller.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|