Vis enkelt innlegg
Gammel 08-04-16, 13:39   #3
Olvina
Gjer så godt eg kan
 
Olvina sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2006
Innlegg: 2.654
Blogginnlegg: 179
Olvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt likt
Standard

Sv: Kva skal eg gjere med trappa?

Eg held på å ta igjen ei gammal trapp no. Gulna, lakkert furu og glatt som berre det. Problemet med furu er at det er mjukt tre, så trinna blir fulle av hakk. Iallfall dersom ein går der med sko på.

Eg har måla sider og baktrinn (nettopp sett inn, i utgangspunktet var trinna opne) og skal no montere klikkvinyl og trappenese av metall i trinna. Trappenesa har innlagt spor der vi legg inn ei remse med antiskli, nesten sandpapiraktig. Desse kan du også få som tape på rull hjå Biltema og berre legge inn ein stripe i front av kvart trinn.

Grå beis høyres fint ut, men ver obs på mogelegheit for hakk og sår i trinna. Ei remse med antisklitape i front ville eg også lagt inn. Svigermor på ullsokkar braut skuldra etter fall i vår trapp...

Olvina er ikke aktiv   Svar med sitat