Sv: Tar vi imot nye brukere på en god måte?
I Playdate-tråden forandra eg syn på HI, då det viste seg at den nye brukeren kom med stadig meir søkte grunnar for å ikkje ta i mot rådet om å lytte etter magekjensla. Eg har sjølv ein treåring og bli med heim- problemstillinga er verken uinteressant eller uaktuell som sådan. Det var i utgangspunktet ein legitim problemstilling å komme inn i eit forum med.
Men når det viste seg at HI avfeide og problematiserte alle dei konstruktive tilbakemeldingane, blei og retorikken litt spissare. Råd om å lytte til magekjensle blei besvart med utdjupande drittslenging om utanforståande sitt kroppsspråk og spekulasjoner. Når dette blei påpeikt blei og saklighetsnivået tilsvarande redusert frå HI si side. Eg slutta i alle fall å ta vedkommande seriøst på grunn av nivået på retorikken utover i tråden. Og eg syntest ikkje at HI kom med innspel som var relevante for si eiga opprinnelige problemstilling etter omtrent s. 4.
Å engasjere seg i eigen tråd er ikkje negativt sånn i seg sjølv. Men det er forskjell på å svare "Takk for mange gode og konstruktive svar, desse råda blir dessverre litt vanskelege å bruke i denne konkrete situasjonen" og på å avfeie svar som i utgangspunktet er støttende til HI si magekjensle med stadig meir søkte og negative spekulasjoner.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|