Sv: Noen tips for å sikre seg en ok oversettelse?
Jamnt over synest eg Bokklubbene sine nyoversettelsar i serien Verdensbiblioteket er gode. Elles irriterer eg meg og over redigeringa som har blitt gjort i periodar og at dei ikkje merker bøkene med at det er forkorta utgåver.
Eg pleier legge merke til oversetter og notere meg særtrekk som eg liker eller ikkje liker, på same måte som eg legg merke til forfattarar. Det mest ekstreme eksempelet er vel Torstein Bugge Høverstad, som for så vidt fungerer godt til barnebøker (det er han som har oversatt Harry Potter-bøkene og alle namna), men som irriterer vettet av meg når han forsøker seg på Toni Morrison. Gry Sønsteng og Gry Wastveit er namn eg styrer unna, fordi dei gjer elendige oversettinger av uttrykk, av typen "sønn av en megge". Stian Omland styrer eg og unna - eg meiner, kven kom på at Faen ta skjebnen var ei god oversetting av The Fault in our Stars?
Elles sjekker eg ofte lengda på originalverket opp mot oversettinga, for å sikre meg mot forkorta utgåver. Viss sidetallet er veldig ulikt, er boka redigert. Men ein del bøker er ikkje gitt ut på norsk i full lengde, for eksempel Les Miserable.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|