Sv: Har du mat-tabuer?
Eg har ein del issues i forhold til konsistens på enkelte matvarer. Fromasj, fiskepudding, kjøttpudding, veldig farse-aktige pølser og fiskekaker, sjokoladepudding og så vidare klarer eg ikkje spise. Og eg blir usikker på korleis eg skal håndtere det på ein voksen måte, når eg får det servert.
Utover det vil eg gjerne venne meg til tanken på å spise insekter, fordi det er eit proteinrikt alternativ og globalt sett ville det auka matressursene om fleire spiste insekter. Men eg strever med tanken. Eg såg at det var eit firma som eksperimenterte med insektsmel, som proteintilskot til matlaging og det trur eg er lettare å svelge (pling!) enn heile insekter.
Eg spiser ikkje scampi og foie gras og har ein del andre idear om å velje dyrevelferd og bærekraft over pris, men der er eg ikkje konsekvent.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|