Sv: I lys av vogntråden - forbruk
Det ER framleis mange som ikkje ser koblinga mellom forbruk og skader på miljøet. Det ER framleis mange som ikkje veit at syntetisk mat ikkje er særleg bra for kroppen. Det ER, som Kasia også påpeikar, mange som ikkje ser dei alvorlege konsekvensane av i-landa si rovdrift på ressursane. Eg er langt frå perfekt når det gjeld både kosthold og forbruk, men eg prøvar å verte litt betre heile tida. Nettopp på grunn av at eg vert stadig meir kunnskapsrik. Eg hadde aldri vore såpass miljøbevisst sjølv dersom folk skulle vere perfekte før dei kunne agrumentere for ei meir miljøvennleg livshaldning. Skal samfunnet kunne verte betre må vi jobbe mot det saman. Steg for steg. Og eit heilt grunnleggjande utgangspunkt må då vel vere å dele kunnskapar om kva som er bra for miljøet og kva som ikkje er bra for miljøet.
Eg kan ikkje tvinge folk til å leve etter livshaldningar som er gode for miljøet, men eg kan dele av det eg veit i eit førsøk på å få folk til å ønske å ha slie livshaldningar.
|