Eit spørsmål om straum
No er eg lei av å diskutere med pappa så no spør eg orakelet FP
Eg har eit hus med ei grunnflate på cirka 180 kvm. 100 av desse er stove og kjøkken. Der har eg varmepumpe, samt varmekablar i omtrent 40 av kvm. Ellers har huset ein lang, typisk 70-tallsgang med dører inn til dei resterande romma. I denne gangen har eg ein oljeovn, ingen øvrig oppvarming på soverom.
Pappa meiner eg får best effekt av å la dørene mellom stue/kjøkken og gang stå åpen for sirkulasjon. Varmepumpa hjelpe oljeovnen og eg får meir varme med mindre kwh. Men eg meiner det er omvendt, eg får meir varme av å lukke dørene til stue/kjøkken og la oljeovnen aleine ta seg av gang. Kven av oss har egentlig rett?
__________________
Gut 02 Jente 05
|