Sv: [SKAM] Innlegg 2003-3000
Opprinnelig lagt inn av nokon, her.
Etter dei siste to episodane tenker dg og det. Først og framst fordi det ikkje er tid til å nøste opp i fleire lause trådar.
Frå eit voksenperspektiv tenker eg at dersom Even er så alvorlig deprimert at han må passast på, er det ikkje bra at kollektivet tar seg av det, sjølv om det er uendeleg mykje hjerte (og hus) der. Even verkar så ustabil at han treng hjelp og det å be om hjelp har og vore eit stort tema. Eg synest ikkjd at ein sesongslutt kor han får lov til å isolere seg og kor ein gjeng 17-21 år gamle ungdom som lager vaktlistene fof å vere suicidvakt for ein alvorleg sjuk (umedisinert?) ungdom sender ut gode signaler, det heller. Det handler om at gjengen i kollektivet tar på seg eit altfor stort ansvar utan å be om hjelp.
Eg håper Sonja eller familien til Even har eit telefonnummer dei kan ringe når han er så dårlig, og at det tvinger seg fram eit behov for å ringe det nummeret. Det å kreve at ein sjuk person oppsøker profesjonell hjelp, er ikkje å svikte den sjuke. Og viss vi snakker om signal til ungdom så er ikkje denne vaktlisteordninga ein god måte å håndtere ein slik situasjon på. Tematikken hsr jo i stor grad handla om å slippe venner til. Men det er og grenser for kva slags ansvar venner kan ta.
Og jeg håper at det er nettopp dette serien vil vise. At så unge ungdommer ikke kan ta dette ansvaret. At Even trenger hjelp fra ansvarlige voksne, men at det er til hjelp for ham å ha gode venner i prosessen.
__________________
Snuppa 05, Knerten 07
|