Trur puddel kan gå fint, ja. Mellompuddel kanskje? Dersom du skreller den sånn innimellom som Isprinsessen så er det ikkje så mykje pelsstell ellers. (Og så er dei finare heilt nedklipt enn som "typisk puddelklipp" ) Eg kjenner ellers ein del med spaniel som lever fint og lykkelig med familie og katt. Cavalier og Welsh springer spaniel kanskje? (Kor liten er liten for deg? ) Evt lapphund? Sheltie? Tenker du bruke den til noko spes? (Tur, agility, lydighet, familiekos, kløv, trekk, utstilling?) Uansett rase bør du sjå for deg ein del arbeid dei første åra dersom du går for kvalp. Nevner det sidan du er førstegangs, det er ein del jobb med hund. Har du vurdert voksen omplasseringshund?