Sv: Skrive nynorsk på FP-veke
Ein kan ikkje få høg måloppnåing dersom ein ikkje har forstått teksten, Bluen. Eigentleg er det bra å få 4. (Du har sikkert forstått ein del, då. )
Og så er det klart at 5-aren i sidemålet er litt vanskelegare å oppnå enn i hovedmålet, noko anna ville kanskje ha vore litt rart. Men så lenge ein kan klare å få 5 og 6 i engelsk, tysk og fransk, burde det la seg gjere i sidemål også. Og mange klarer det som sagt Eg har vore sensor i sidemål mange gonger, og det er slett ikkje slik at ein må skrive plettfri nynorsk for å få seks. Innhaldet tel ganske mykje, og ein tåler ein småfeil eller tre dersom teksten elles er god. 
|