Sv: De - subjekt, dykk - objekt
Opprinnelig lagt inn av Pamina, her.
Mine elevar får ikkje skrive dokker, det vil si, eg vil ikkje at dei skal lære det. Så eg held det hemmeleg og håper dei klarer å få til de og dykk.
Det vart kanskje mindre feil om eg satt meg ned og lærte dei dokkar. Eg berre liker det ikkje.
Dokker. Ikkje dokkar.
Eg er prinsippielt litt ambivalent til om ein skal viske ut skiljet mellom subjekt og objekt fordi det er va-ha-hanskeleg eller ikkje. Men eg ville heilt klart introdusert det når det først er lovleg.
Dessutan, innføringa av dokker er i tråd med Ivar Aasen sin idé om eit skriftspråk som samsvarer med dialektane. Det er fleire andre valdrid former eg reagerer meir på, fordi dei bryt med grunntanken bak nynorsken.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|