Sv: Bursdagsfest for tenåringer
"Den store gaveleken" har funka strålande i både 18-årsbursdag og i 12-årsbursdag. Det går an å spele med terningar, men eg hadde kjøpt spelet med kort på Søstrene Grene.
Eg hadde kjøpt inn massevis av småtteri (småsjokoladar, tyggispakkar, prøveflasker frå parfymeri, kortstokkar frå Søstrene Grene, dusjsåpe o.l.), og pakka inn. Gåvene blir ekstra store og spennande om ein t.d. tek dei minste tinga og legg i ein brødpose og blæs den halvvegs opp før ein knyt den igjen og pakkar inn.
|