Sv: Bytte Sandnes alpakka til Drops
Eg bytter ofte fordi eg ikkje tåler alpakka. Det med strikkefasthet er viktig. I tillegg er det viktig at det er same løpelengde på garnet, eller at du får nok garn i antall meter.
For eksempel har eg nyleg begynt på eit plagg som opprinneleg er strikka i Puno, i Sandnes Alfa. Puno har løpelengde 110 m. pr. 50 g. Alfa har løpelengde 60 m. pr. 50 g. Når det står 8 nøster Puno i oppskrifta, er det 880 meter garn. For å få 880 meter Alfa må eg opp i 15 nøster. I tillegg blir plagget relativt mykje tyngre.
Det kan vere andre kvalitetsforskjellerog. Noko garn er veldig glatt, det er det vanskelegare å strikke mønster med (eg har akkurat bytta ut Sandnes tynn alpakka i Arwetta, og har det problemet). Superwash-garn har andre kvalitetar enn rein ull og så vidare.
Så, ja. Det går fint å bytte, men det er lurt å vite kva du gjer og ikkje bare ta utgangspunkt i pris og strikkefasthet.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|