Sv: Alder for å se American History X?
Eg tenker det kjem an på ungdommen. Men det er ein film ein bør snakke om i etterkant.
For min del var det sterkaste korleis eg sjølv blei dratt inn i logikken og argumentasjonen til eldste broren ei god stund, i ei scene der familien satt rundt middagsbordet, før det sa «Herregud, høyrer du kva han faltisk seier», inni meg. Og eg trur at det kan vere viktig å lære å tenke gjennom kva som blir sagt, uavhengig av kor karismatisk avsender er. Særleg nå, i desse «fake news»-tider. Men for å kunne ta inn dette perspektivet, må ein tåle å sjå ein del brutale voldsscener. Og eg ville ikkje vist han i undervisning på vidaregåande, sjølv om elevane var gamle nok. Eg skulle ha visst at dei eg såg filmen saman med, tålte han.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|