Sv: Ser du på "Skam"?
Eg kryssa av på den øverste, for eg følgjer definitivt med på meir enn fredagane. Men eg heng ikkje med i absolutt alle kanaler.
Eg synest serien (i tillegg til veldig bra manus!) er verdt å følgje med på fordi den er så banebrytende i måten den er laga på. Og i eit fagleg perspektiv, synest eg eksperimenta med ulike modaliteter og medier er så interessant at eg trur eg ville vore fascinert sjølv om ikkje sjølve manuset/plottet hadde fenga. Eg synest ikkje det er rart at både Ibsen-referansene og serien som sammensatt tekst blir fanga opp og aktualisert. Eg skjønner heller ikkje dette med å la kidsa ha serien for seg sjølv. Det har lenge vore vanskeleg å finne gode eksempler som alle kjenner til og som aktualiserer element frå eldre norsk dramatikk og litteratur. Og nå skal ein ikkje følgje med og ikjje bruke det, når det blir servert? Det er vel bare ein fordel for kidsa å få fagstoff presentert med eksempler dei sjølv kan relatere til, er det ikkje?
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|