Sv: Batteridrevet gressklipper - tips?
Vi har brukt opp ein Bosch på vår hage på den storleiken og kjøpt robotklipper i staden. Vi måtte ha to batteri og det var ofte ikkje nok til heile tomta. For meg blei det eit irritasjonsmoment, å ikkje få tatt alt når vi først var i gang, når det var tørt nok og vi hadde tid. Utover det vil eg seie at Bosch sin ikkje er god ergonomisk for meg som er178. Eg trur rett og slett han er berekna på lågare folk. Det er eit slitasjepunkt der batteriet og sikring/nøkkelen er festa. Det samler seg lett rusk og slikt oppi der og det var grunnen til at vi måtte skifte ut vår etter fire sesongar.
På plussida er han lett, det er enkelt å skifte batteri og den lader raskt.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|