Sv: Game of Thrones
Tormund må vere med!
Eg var elles litt skuffa over siste episode. I utgangspunktet var eg litt tvilande til ideen om å hente ein whitewalker og at dette skulle overbevise Cersei. Eg syns scena der dei alle møtes, og whitewalkeren slepp fri var underlig og. Han var absolutt skremmande, men altså... Ville egentlig synet av han skremme Cersei så til dei grader? Ho lar seg ikkje så lett vippe av pinnen. Og så Euron da - eg hadde forventa at hans reaksjon ville vere :"kult - la oss dra å DREPE!". Han virka ikkje redd ein gong da han uttalte at dette skremte han verkeleg. Ville han verkeleg reise heim med halen mellom beina på grunn av ein slikt skrammel?
Denne delen av historia var litt for desperat for min del.
Is-dragen (eller kva han no er) var veldig kult. Og også dette med Stark-jentene og Petyr. Så eg hadde jo stor glede av episoden sjølv om eg saknar meir fokus på intriger, og overraskande vendingar. Det blir ikkje tid når handlinga må drivast vidare.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
Sist redigert av Syrin : 31-08-17 kl 11:10.
|