Tråd: Er du flink?
Vis enkelt innlegg
Gammel 21-03-18, 08:02   #3
Simone
Bør lage seg en tittel selv
 
Medlem siden: Sep 2007
Innlegg: 2.823
Simone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Er du flink?

Eg blir i allefall oppfatta som flink i jobben min og blei også oppfatta som flink på skulen og då eg var student. Får stadig høyre at eg er flink av kollegaer på jobb og eg er den folk kjem til når dei lurer på noko. Men eg tenker ofte at dei trur eg er flinkare enn eg faktisk er. Når eg skal sette meg inn i eit nytt tema er eg flink til å raskt trekke ut essensen frå relevant litteratur berre ved skumlesing og googling. Men eg kan ikkje detaljane. Likevel høyrest eg då veldig flink ut i ein samtale med ein som ikkje har peling i det heile tatt.

Eg er også ifølge mannen min ein streber. Hatar å levere frå meg arbeid som er dårlig utført, så eg kan gjerne sitte i timesvis på kveldstid og jobbe med ting før eg leverer det fra meg til andre. Dette er ikkje synlig for kollegaer på jobb, så når eg neste dag sender arbeidet mitt til andre kan det sjå ut som om eg har klart det på kort tid.

Sjølv om eg kanskje ikkje er fullt så flink som folk skal ha det til, så er eg nok flink i jobben min, ja.

Men eg er dessverre ikkje flink til noko særlig anna. Derfor er det også veldig viktig for meg at eg fortsetter å bli oppfatta som flink på jobb.

__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
Simone er ikke aktiv   Svar med sitat