Vis enkelt innlegg
Gammel 27-07-07, 13:19   #9
Syrin
Med tommestokk i veska
 
Syrin sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 5.042
Syrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Mobbet gruppering?

Direkte mobba har eg vel ikkje vore, men eg kan nå skrive ned mine små "lyter".

Først og fremst; eg skriv nynorsk. Det kan slå både positivt og negativt ut det; men ein blir veldig lei av "morsomme" kommentarar kvar einaste gong ein har skreve noko som blir delt ut til alle på jobben. Enten det er vaktlister eller forslag til arbeidsfordeling. (min nye jobb er ikkje sånn altså; der er nynorsk standard )

Eg kjem frå bygdenorge. Vi veit knapt kva sushi er og har aldri høyrt om Harry Potter. Vi går i alle fall aldri på kino (fakta er at eg var oftare på kino når eg budde heime)

Eg er dotter av ein lærar, men var heldig ved at han var lærar i ein annan kommune enn der vi budde.

Eg er akademikar (humanistisk fag) og syns å merke at enkelte finn det litt provoserande. Fordi dei trur at eg trur eg er noko. Enten det, eller så latterliggjer dei utdanninga mi og peikar på kor mykje penger dei tener i forhold til meg.

Eg er gift med ein utlending, men alle pustar letta ut når dei høyrer han er nordisk. "jammen, DA så..."

Eg drikk meg aldri full. Det er for ganske mange provoserande og skremmande. Det ser ut til at det også er hemmande for andre som har tenkt å drikke masse og som syns det er sterkt ubehagelig at eg skal sitte der og observere, bortimot edru.

Eg bur i blokk i borettslag i eit område av byen som går for å vere dårlig. Folk blir litt sånn svar skyldig når eg fortel kor eg bur. Eg fortar meg å legge til: " men eg bur altså litt høgare oppe, ved xxxxx". Og då seier folk : "aaaah... ja DÅ så!".

Syrin er ikke aktiv   Svar med sitat