Sv: Er idealismen borte og bare egoismen igjen?
Eg er langt på veg enig med Jessica. Eg er ingen samfunnsanalytiker; skulle gjerne sett ein samfunnsviter tegne og fortelle litt her inne
Nå har det jo alltid vore sånn at alt var betre før, men ein må kunne seie at individualismen står mykje sterkare i samfunnet nå enn for 30 år sidan. Det rare er at trass i ønsket om å få lov til å gjere som ein vil, så skal likevel samfunnet og det offentlige vere sterkt og rydde opp når ei enkeltsak som angår ein sjølv kjem opp.
Og kor er det blitt av kjeftakjerringane? I den forstand at folk har slutta å gi beskjed når dei ser "overtramp". Kvifor er det ingen som seier ifrå når ungdommen sit og okkuperer fleire sete og den gamle dama ikkje har plass på bussen? Er det ikkje vårt ansvar? Er vi redde for å bli latterliggjort? Eg har ein kollega som sang ut sin hjertens meining til nokre ungdommar i ein buss som viste liten respekt (kommentarar, fnising) for ein sterkt handicappa person som trengde hjelp. Dei svarte tilbake at dei likte å vere "spesielle" ??? Kva nå det enn går ut på. Eg trur ikkje nødvendigvis at ungdommen er værre nå enn før, men kor er autoritetane? Er det oss, eller er det ein offentlig etat?
Kva skjer når folk segnar om på gata; prøver vi å hjelpe, hastar vi forbi og håpar ingen ser oss, eller stiller vi oss opp og glor? Kva med uteliggaren som ser halvdød ut? Spring vi forbi og skyldar vi på HIV og bakterier? Eller er han aleine om ansvaret for sitt eige liv, og vi for vårt, slik at det ikkje angår oss?
Sjølv jobbar eg i det offentlige, og kjem svært ofte opp i problemstillingar der individets ønsker og behov må vike på bekostning av samfunnet sine interesser. Eg må argumentere med at "sorry, eg ser du har behov for dette, men dine interesser må vike". Eg møter varierande grad av forståelse.
Stiller de opp på dugnader forresten? Ein ting er om ein ikkje har tid i ein travel småbarnsperiode. Ein annan ting er om ein meiner at det offentlige skal ta større ansvar (utan å få auka overføringar frå staten...). Eg ser at lokal forankring er veldig viktig for om eit prosjekt er vellukka, enten det gjeld oppussing av utearala til barnehagen, opparbeiding av naturstiar eller oppussing av den gamle kinoen.
Nok vissvas frå meg. Eg syns dette er eit engasjerande tema og noko eg har tenkt på i det siste.
|