07-10-19, 12:57
|
#73
|
heimføing
Medlem siden: Sep 2006
Hvor: Heime
Innlegg: 15.517
|
Sv: Haddy og boka
Veldig bra, må sitere:
Sitat:
Det absolutte botnpunktet når boka på side 329. Her skriv Njie om då ho las kronikken til Sunniva Andreassen, eller «Tromsø-varsleren», som ho heiter i boka. Njie fortel om å vere i blodtåka:
«Samtidig klarer jeg ikke å dempe brølet i meg som sier det jeg ikke kan si. Det jeg ikke kan tenke. At dette er helt urimelig. At det som er påført oss, er så mye mer gjennomgripende jævlig enn det hun opplevde den gangen.»
Eg har lese avsnittet mange gongar, men eg blir framleis svimmel av orda. Andreassen får her ansvaret for kva ho har påført av skade på Haddy Njie ved å fortelje om kva Trond Giske har gjort mot henne.
Det er ei så alvorleg skulding at det tek tid å forstå omfanget. Som varslar har du eit ansvar for kva skade du kan påføre han du varslar om ved å seie frå. Ikkje berre mot Giske, men også mot hans nye sambuar.
|
|
|