Vis enkelt innlegg
Gammel 08-04-20, 09:58   #2
Olvina
Gjer så godt eg kan
 
Olvina sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2006
Innlegg: 2.654
Blogginnlegg: 179
Olvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt likt
Standard

Sv: Kontinentalseng?

Du må rundt og prøveligge i aktuelle butikkar. Vi enda opp med ei heilt anna seng enn det vi hadde tenkt i utgangspunktet. Vi enda opp med ei Wonderland-seng til slutt, det var den som passa oss best. Madrasstype, kor fast eller mjuk madrassa er, er det mogeleg for den eine å ligge nokolunde i ro sjølv om den andre hiv seg rundt i løpet av natta og liknande. Slike ting i kombinasjon med ei øvre grense på kor mykje vi ville betale, vart avgjerande for oss.

Den første forhandlaren vi oppsøkte skulle forresten absolutt prakke på oss overmadrass med hestehår til ei nokså vill formue. Med ekstrem allergi i hus, mellom anna mot hest, var det fullstendig skjæring frå første stund. Vi enda opp med å kjøpe i ein annan butikk.

Olvina er ikke aktiv   Svar med sitat