Sv: Tynnribbe - hva lager jeg av den?
Steamed buns (eller skal vi seie dampebrød?)
500 g kveitemjøl
2 ss sukker
1 ts salt
1 pk tørrgjær
1 dl vatn
1,5 dl h-mjølk
2 ss olje
Lag vanleg gjærdeig. NB, denne er noko fast.
Heve 30 min.
Del opp i 12 stykker, form bollar og etterhev 30 min.
Kjevle bollane ovale, pensle med olje og brett i to. Legg kvart brød på ein passe firkant bakepapir.
Til å dampe bollane kan du bruke kva som helst av egna utstyr, til dømes damprist i kjele. Kok opp vatn, må ikkje stige over rista, legg på bakepapir med brød og damp ca 14 min.
---
Soyaglasert tynnribbe.
Salte og pepre ribba og ha litt vatn saman med den i ovnsforma.
200 grader, 1 time med svor ned, snu og 1 time med svor opp. (Svoren fjernar du etter steiking.)
Steik gjerne ribba dagen før.
Skjer kjøtet tynne skiver som vendast og varmast i sausen.
---
Saus
1 raud chili
2 fedd kvitlauk
2 ts ingefær
2 dl steikesjy
3 ss soyasaus
3 ss fiskesaus
1,5 ss brunt sukker
2 ss koriander
2 ss vårlauk
1 ss sesamfrø
Safta frå 1/2 lime
Fres chili og kvitlauk, hell over ingefær og steikesjy og kok opp.
Ha i soyasaus, fiskesaus og sukker. La koke til det tjuknar.
Bland inn hakka koriander, vårlauk og sesamfrø. Smak til med lime.
Vend forsiktig ribbeskivene inn i sausen.
---
Juksekimchi
Skjer ein kinakål i fine strimlar. Hell over 1 dl vatn og 1 ss salt. La stå i 2-3 timar.
Hell av vatnet og press ut mest mogleg væske frå kålen. (Hugs at kålen framleis skal vere kål, ikkje mos.)
Bland inn 2 ss chilisaus og 2 ss søt chilisaus.
__________________
Dårlige vitser har også livets rett.
|