Sv: Har du brutt smittevernregler eller trosset anbefalinger?
På jobb (barneskule) held vi ikkje 1-meters avstand, som er anbefalt, men gjer så godt vi kan, og er strenge på kohortar.
Har gitt nokre ytterst få klemmar til folk utanfor familien (i fjor sommar).
Eit juleselskap vart det 11 gjestar, fordi vi arrangerte det i det største huset, med best sjanse for avstand. Hadde vi hatt det i eit mindre hus, der fleire av deltakarane bur hadde antallet gjestar vore ok. Såpass tenker eg det er liv å bruke hovudet.
Så er det ut på restaurant. Har i dag lurt på om vi kanskje braut reglane då vi var 4 familier som feira runde dagar med kvar våre bord på restaurant, men har forstått det som det var ok sidan vi ikkje hadde eigen del av lokalet, men hadde kvart vårt bord med fleire andre rundt oss. Her kjenner eg at eg visst ikkje har hatt heilt kontroll på reglane. Dei har jo også endra seg fleire gongar, så vanskeleg å sjå i ettertid om det var heilt rett.
Alt i alt, vi prøver så godt vi kan, men kan tråkke små feilsteg innimellom.
__________________
03, 06, 09
|