Sv: Korona: Planlegging av utenlandsferie i sommer
Vi lurer på å ta ei veke på Kreta i august, men eg blir ikkje klok på desse koronasertifikat- reglane. Både eg og mannen får første dose i dag. Det fører til at den norske delen av koronasertifikatet blir grønt. Men såvidt eg kan sjå gjelder ikkje dette ved innreise til Norge. Det gjelder berre internt i Norge på arrangement og lignande. Så dersom Hellas fortsetter å ligge på samme nivå som no vil det blir karantene når vi kjem tilbake. Men vi kan teste oss ut av denne etter tre dagar.
Innreise i Hellas er ikkje spesielt problematisk. Då treng vi berre ein negativ test som ikkje er eldre enn 72 timar for å sleppe inn uten karantene. Men eg er veldig i tvil om kva som skjer når vi kjem tilbake til Norge slik reglane er no.
Kurvene i Hellas går nedover, så mest sannsynlig vil Hellas vere grønt i begynnelsen av august. Men sikker kan ein aldri vere! Så eg trur ikkje eg tør å bestille tur no. Det får heller bli ein restplass! Og det blir også berre eg, mannen og minstemann. Dei to eldste blir heime i tilfelle det plutselig blir innført ti dagers karantene igjen. Litt viktigare å unngå fravær ved skulestart for dei enn for minstemann.
Spania ser ut til å vere meir usikkert enn Hellas. Der har kurvene flata litt ut og det ser ut til at dei slit litt med å komme seg lengre ned i antall smitta per 100 000. Der gjekk det jo plutselig opp igjen i fjor sommar også. Så eg satsar på Hellas!
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|