Sv: Oppbevaring av leker på bad?
Vi hadde eit slikt nett ganske lenge, men det lukta jammen rimeleg surt etterkvart... (Alltid ein eller annan leike eg ikkje klarte å få tømt skikkeleg for vatn, tydelegvis). Eg enda opp med å kjøpe ei lita trådkorg i metall på IKEA, festa to krokar med dobbeltsidig tape på veggen over badekaret og tredde korga inn på krokane. Både snuppa som skal ha tak i leikane på ein enkel måte, og eg som vil ha det ryddig (utan sur lukt), er veldig fornøgde.
|