Sv: Mat og helse for muslimer?
Eg tvinger ingen til å ete mat dei ikkje kan. Me lager halalkjøttkaker og vegetarkaker. Mat utan mjølk og med glutefritt mel. Av og til gjer enkelte allargiar meg ekstra arbeid, men slik er livet. Eg likar ei utfording og det å prøve å tilpasse eksisterande oppskrifter til elevane me har.
Dog; ein må alltid smake ein bit av mat ein ikkje har smakt tidlegare. Liker ein det ikkje treng ein ikkje smake meir.
|