Sv: Kræsjkurs i invasjoner
Det var like ugreit. Og mykje av det eg tenker på som problematisk med NATO (utan å vere mot medlemsskap) er nettopp den forpliktinga medlemslanda har til å «støtte» slike påfunn. Både Irak, Afghanistan og Libya er eksempler på at NATO har forandra seg vekk frå opprinnelig intensjon. Det er stor forskjell på å vere eit samarbeid om å forsvare medlemsland mot invasjon, til dagens samarbeid der sterke medlemsland krev støtte frå NATO i å gå til angrep!
Argumenta til dei som forsvarer invasjoner av denne typen, er likevel at terrorhandlinger (11. september, IS-utvidelse i Libya og Syria osv.) er ein form for angrep. Bush argumenterte i si tid med at angrepa på Afghanistan og Irak var forsvar, etter 11. september-terroren. NATO måtte dermed (litt enkelt sagt) vere med Bush på dette såkalla «forsvaret».
Men ja. Det enkle svaret er at det ikkje er greit og at Bush og den amerikanske administrasjonen utnytta NATO-avtalen langt utover intensjonen.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|