Sv: Forskningsrådet og Ola Borten Moe
Det er jo heilt umulig å få til forskning av god kvalitet uten å ha ein tidshorisont som går over fleire år.
NFR har utlysinger som går over opp til ti år. F. eks infrastrukturmidler og Senter for Fremragende Forskning. Når ein forskningsinstitusjon får innvilga finansiering for ti år frå NFR planlegger dei naturlig nok ut frå det i forhold til ansettelser og diverse. Det ville vere uholdbart dersom det var absolutt ingen forutsigbarhet i dette. Særlig for stipendiatar som startar på eit PhD-løp for så å få beskjed midt i arbeidet at dei no blir oppsagt fordi ny regjering plutselig ikkje syns det forskningsfeltet var så viktig. Så NFR må nesten få lov til å sette av pengar som dei allereie har lovt vekk.
Og no er vel deler av problemet at dei går med underskudd nettopp fordi dei har lovt vekk pengar dei trudde dei hadde og som så seinare ikkje kjem over statsbudsjettet likevel.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|