Vis enkelt innlegg
Gammel 12-07-22, 10:16   #1
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.754
Blogginnlegg: 175
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Politikk og praksis

Eg følger Linn Stalsberg (@nyliberalinn) på instagram og twitter, noko som har fått meg til å tenke på mitt forhold mellom politikk og praksis. Eg er jo for eit gjennomorganisert arbeidsliv, der arbeidarane sine rettar står sterkt. Eg stemmer, har vald partimedlemsskap og diskuterer som om dette er ei viktig rettesnor for meg. Eg synes ikkje det er "umusikalsk" at pilotane "øydelegg" ferien til folk ved å streike, for utan streikeretten ville vi ikkje hatt ferie. Og så vidare.

Men så er det jo så greit å bestille mat frå Oda (tidl. Kolonial), særlig når eg slipper leveringsgebyr. Det er kjekt med Porterbuddy som kjem el-syklande frå butikk med varer for bare 29 kroner og så vidare. Eg har tidlegare tenkt mykje på denne problemstillinga når det gjeld Amazon og Kindle, for igjen, det er så enkelt, så greit og så praktisk. Men arbeidsforholda på Amazon er jo kjipe og eg vil ikkje støtte dei. Samtidig er det langt unna, i USA, og lett å skyve til side.

Linn Stalsberg har gjort meg meir bevisst på at når eg vel det billigaste og enklaste alternativet, for meg, så er eg med å støtter opp om eit arbeidsliv og ein modell eg eigentleg ikkje vil støtte. Når eg vel å få mine varer levert på døra nesten gratis, vel eg samtidig bidra til å oppretthalde etterspørsel etter bud som ikkje har vanlege arbeidarrettar. Oda-sjåførane, Porterbuddy og andre billige leveringstenester er sjølvstendig næringsdrivande som sjølv står ansvarlege for sin eigen velferd. Dei er lønna pr. jobb, og firmaa bak dei har ikkje ansvar for sjukelønn, forsikringar, skader på køyretøy og liknande.

Eg er litt sjokkert over meg sjølv, når eg ser på kor lite research eg eigentleg gjer, når eg bruker slike tenestar. Ein ting var å boikotte Foodora, då dei hadde store medieoppslag og fekk mykje fokus. Det same gjeld Uber. Og eg er ganske bevisst det at mitt forbruksmønster generelt skal passe med dei politiske overtydingane mine, når det gjeld produksjons- og salgslinja. Men så ofrer eg ikkje distributøren ein tanke ...

Nå lurer eg litt på korleis FP stiller seg her. Det er jo ein god del uttalte sosialister her på forumet. Pleier folket å gjere research på alle ledd for å bruke si forbrukarmakt, slik at buda (og andre) får dei same rettane som fast tilsette arbeidarar? Eller treng vi å få det synleggjort av media før vi eigentleg tenker over kva dei som kjem med varer på døra nesten gratis i ruskever eigentleg tener?

Eg merker i alle fall for min eigen del at eg møter mi eiga politiske overtyding i døra, når eg kvitterer for ein Porterbuddy-pakke. Er det andre som kjenner på det same?

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat