Sv: Korleis får eg bananbrød luftige?
Eg har laga dette brødet med stort hell. Noko kompakt meiner eg å hugse at det vart, men faderullan kor godt. (Rikelig med sukker, da. Går sikkert an å kutte ned, men eg har ikkje prøvd.)
Bananbrød
2 egg
2 dl brunt sukker
3 små overmodne bananar, most med gaffel
50 g smelta smør
1 dl mjølk
2,5 dl mjøl (eg tok 1,5 dl kveitemjøl og 1 dl fibra)
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
1 raus neve valnøtter
Pisk eggedosis av egg og sukker. Bland smør og mjølk, hell dette i eggedosisen saman med med bananar. Ha i det tørre og rør forsiktig saman med slikkepott.
Ha i ei brødform med bakepapir i botn og smurte kantar.
Steik nederst i ovnen på 180 grader, ca 1 time.
__________________
Dårlige vitser har også livets rett.
|