Sv: Hva har gjort deg glad i dag? #15
Det er godt jobba, Strå! Heier på deg vidare.
Ein dag med litt av kvart dette, men der har vore nokre fine ting.
1. Då eg tok bussen køyrde vi forbi nokre fargerike, glitrande fine jenter som dansa rundt i gata med sjala sine. Det såg ut for at dei hadde ei storarta Eid-feiring.
2. Eg henta min splitter nye elsykkel og fekk min fyrste elsykketur. Det var gøy! No må eg berre kjøpe nytt, husmorrompevenleg sete, så skal det bli sykling. Kanskje minus neste veke som er meldt som dritkald og med kvit nedbør. Det får vere grenser for nyfrelst sykkelentusiasme.
__________________
Dårlige vitser har også livets rett.
|