Har du sendt/fått uplanlagte venneførespurnader på Facebook i dag?
I dag byrja eg brått å følge ein person eg ikkje kjenner, men veit kven er, på Facebook. Skjønte ikkje heilt kvifor, men berre avfulgte og tenkte ikkje meir på det. Seinare så såg eg denne saka på VG.no og sjekka. Jauda, venneførespurnad var sendt. Sletta den også, i lett panikk.
Det var berre den eine og no er eg litt skuffa over at eg ikkje har fått sendt førespurnad frå nokon artige folk.
Dette er altså ikkje dagen for stalking.
__________________
Dårlige vitser har også livets rett.
|