Vis enkelt innlegg
Gammel 21-11-23, 14:14   #171
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.512
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: «B.ms.g.tt» på tv

Nei, det kan dei jo ikkje gjere. Men når ein er uføretrygda så har ein hatt ein saksbehandler som nødvendigvis vil ha gjort seg opp ei meining om den kognitive kapasiteten til personen.

Eg snakka nyleg med min saksbehandlar om å gradvis gå tilbake i jobb. Ho sa: "Jeg ser at jeg har notert at jeg prøvde å informere deg om dette i 2017, men at du sannsynligvis ikke var mottakelig for den informasjonen og at du ikke fikk det med deg". Og sånne notat vil ein jo nødvendigvis gjere seg i møter med mennesker.

Eg har fleire gonger reagert på kor lite oppfølging ein får som ufør. Eg har sjølv fått eit ganske stort tilbakebetalingskrav, etter å ha misforstått eit spørsmål, klaga inn formuleringa og fått avslag på klagen fordi "det er såpass mange som forstår dette riktig at vi ser ingen grunn til å omformulere det". Ein har ingen kontakt ein kan spørre om ting før ein sender inn eit skjema - ein kan ringe eit sentralbord og få svar innan tre dagar.

Ei løysing kunne jo vore at ein fekk behalde saksbehandlaren sin etter at ein blei avklart som uføretrygda. Det går ikkje, fordi AAP ligg under NAV arbeid og uføretrygd ligg under NAV pensjon. Dermed mister ein kontakt med den som har gjort seg opp ei meining om funksjonsnivået på eit tidlegare tidspunkt, og har ingen garanti for å få svar av same person kvar gong ein stiller eit nytt spørsmål. Ei slik ordning krev jo framleis at kvar enkelt tar kontakt med NAV og snakker med riktig saksbehandler. Men sånn det er nå, så oppleves det å stille eit spørsmål til NAV som å sende det ut i eteren og så varierer det veldig om ein får svar eller ikkje. Ofte er svaret eit autogenerert svar med lenke til den informasjonen eg opprinneleg ikkje forstod på NAV sine nettsider.

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat