Sv: Juletråden 2023
Eg ryddar det siste her i sneglefart. Kjenner at eg gler meg til å få fjerna julekalenderane i morgon, no er dei tjafsete.
Treet har kome forholdsvis beint i foten sin, snart blir det pynta med "hummer og kanari", akkurat slik det passar oss. Litt nytt, litt gamalt, mest fint, noko mindre fint. Men alle får viljen sin og minner er minner.
I kjøleskåpet står eit landbrød og godgjer seg. I kveld går det i ovnen, så blir det tapas og kvelden før kvelden på tv. Eg trur kanskje at eine raudvinen eg fekk i bursdagsgåve skal sprettast også.
I år som i fjor og nokre år før det igjen blir det jul på halv åtte her i heimen. To to-lista vart kortare og kortare utover desember, primært fordi eg droppa å gjere ting. Og det er heilt greit. Kolakaker kan ein jo like gjerne bake 2. juledag og julemannane kan alltids bli nyttårsmenn. Det er faktisk ikkje så farlig. Og alt treng ikkje vere bra. Bra nok held plenty.
Akkurat no sit eg i godstolen og drodlar dette, og kjenner at ei jul som ikkje er glansbiletevakker, ei jul som kjem med både kvardagens utfordringar og julas ekstravaganse er ei realistisk jul og den vil bli fin.
__________________
Dårlige vitser har også livets rett.
|