Sv: Sløseripopulismen
Ja, det gjør vi. Ikke pga late folk eller dumme folk elle dårlig vilje. Det er strukturelt.
Det er kommet to bøker nå som omtaler det ganske grundig. Ingen av dem er feilfrie, men til sammen skal de visstnok gi et godt bilde.
Det er Martin Bech holtes Landet som ble for rikt, og Andre Mundals «de flinkeste slutter».
Dette skriver Alfred Bjørlo om dem:
« ******Martin Bech Holte gir ei alternativ og godt faktabelagt historiefortelling om framveksten av dagens norske samfunn. Kjapt oppsummert: Det er fornying av fastlandsøkonomien (både privat og offentlig) frå ca 1980-2010 som har skapt «den norske suksessen», ikkje først og fremst oljen og ein klok stat som tar ansvar for oljerikdommen på vegne av oss alle (..men som tvert imot gjer at kvar enkelt av oss slepp å ta ansvar, jmf f eks den enorme kontrasten mellom Noreg og Sverige i privat vs offentleg sparing).
·******Vidare handlar boka om følgefeila av denne «livsløgna» som no er i ferd med å undergrave framtidas velferd: Ein hinsides vekst i offentleg sektor og offentlege utgifter, skattepolitikk som undergraver privat norsk eigarskap og jagar både store bedriftseigarar og grunderar ut av landet – og ei målforskyving som gjer at staten lever forbløffande godt med ei rekordsvak norsk krone og svakare kjøpekraft for husholdningane (fordi dette gjer det mulig å ta ut og bruke endå meir oljepengar til offentleg forbruk).
·******André Mundals "De flinkeste slutter" set fingeren på korleis offentleg sektor i Norge held på å kollapse under eiga tyngde og av manglande omstilling og evne til å "henge med" endringstakten i samfunnet ellers.
Han går bak fasaden, og kjem tettare på ei forklaring enn det meste eg har sett før BÅDE på at stadig fleire ikkje orkar å stå i jobbar i det offentlege over tid (jmf f eks dei store frustrasjonane folk har «på grasrota» i offentleg helsevesen og skule) OG på systemsvikten som gjer at f eks norsk natur blir bygd ned i rekordtempo trass i politiske mål om det motsatte og eit stadig større byråkrati som skal sørge for det (eit eksempel Mundal peiker på i si bok og som har blitt dagsaktuelt etter NRK sine avsløringar i helga).
Mange har dei siste dagane gitt velfortent honnør til Bech Holtes bok. Eg skal ikkje gjenta all den skryten her. Men eg vil argumentere for at SUMMEN av dei to bøkene er endå sterkare enn kvar enkelt av dei.
…
1)*Bech Holte si bok har eit typisk top down-perspektiv: Dette er den allvitande eksperten som drar dei store, overordna analysene og har eit ganske instrumentelt og «kaldt» syn på menneska inne i systemet (jmf f eks den litt merkelege grupperinga han har på slutten av boka av kven som vil vere «for» og mot» hans idear og den påfallande negative omtalen hans av det frivillige Norge med all si ustrukturerte og til dels kaotiske skaparkraft – som Bech Holte ikkje heilt ser ut til å forstå og ikkje passar inn i hans tabellar).
Her har Mundal det motsatte perspektivet: Han ser på offentleg sektor bottom-up – frå sitt perspektiv som ein «maur i maurtua» i det statlege byråkratiet i mange år.
Det at desse perspektiva «matchar», gjer at eg trur Bech Holte bommar kraftig på si instrumentelle inndeling av kven i Norge som vil vere for og mot omstilling til slutt i boka (s 306-310). Bech Holte tar her, med sin topptunge inngang, for gitt at alle i offentleg sektor (der det store fleirtalet arbeider «på golvet» innanfor f eks helse og undervisning) ønsker å beskytte dagens tilstand og er mot all forandring. Mundal si bok syner med all tydelighet at det er feil. Heldigvis.
»
(Og så skriver han masse mer også, men det blir litt politisk, kanskje)
__________________
Feilen med verden er at de dumme er så skråsikre på alt - og de kloke så fulle av tvil. Bertrand Russel
|