Sv: Lager du deg lett "historier" - og hvilke?
Eg øver meg på å lage alternative forklaringar på folk si adferd og ikkje vere så rask med å trekke konklusjonar om kva som ligg bak.
Klassisk eksempel: Ho ringte meg ikkje tilbake - ho synes eg er masete. Medan forklaringa kan like gjerne vere at ho satt i eit møte og gløymde at eg hadde ringt, at det er ein travel dag, at ho tenkte ho skulle ha god nok tid til å prate ordentleg når ho først ringte og utsette det etc.
Ikkje heilt det same du spør om i HI, men delvis overlapp likevel, fordi eg øver meg på å ikkje tru at eg veit ting eg ikkje veit. Nettopp fordi det har laga så mykje krøll for meg i relasjonar tidlegare. (Ein gjentakande diskusjon med eksen, var for eksempel at eg meinte han var "sur" og svarte "surt" når han var trøtt og sliten etter jobb og trengde å vere introvert).
Det hender eg spekulerer i alternative forklaringar på ting, litt sånn "fylle inn gapet"- som Polyanna er inne på. Men eg har gjort det til ei aktiv øving å ikkje konkludere og heller vere bevisst at dette er hypoteser.
I tilfellet i HI ville eg sagt at begge forklaringane er like sannsynlege og at eg ikkje veit kva som har skjedd før vedkommande fortalde meg det.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|