Sv: Hvordan har du det nå i forhold til for 10 år siden?
Eg har det langt bedre no 
For 10 år sidan var eg 20 år og hadde eit on-and-off forhold til ein fyr som eg idag syns er ein stor dust. Fattar ikkje kva eg såg i han og at gadd å ofre så masse tårer for han. I tillegg døde lillebroren min eit par år tidligare, så eg sleit ein del pga av det. Og så var eg veldig i tvil om eg hadde valgt riktig utdannelse.
I dag har eg to herlige barn og bur med verdens mest fantastiske mann. Kunne ikkje funne ein bedre far til mine barn. I tillegg har eg ein jobb som eg elskar. Har det nesten litt for bra. Nesten sånn at eg tenker at det ikkje kan vare og at det kjem til å skje eit eller anna snart....
|