Sv: Alle høstens aktiviteter er nå i gang
Kjekt å sjå at andre har det på same måten! Aktivitetane er ulike, men ellers var dette verkeleg til å kjenne seg igjen i, ja. Og no i overgongen mellom to sesongar er det verre enn nokon gong. Fotballen avsluttar IKKJE den dagen handballen startar opp, og det gjer neimmen ikkje friidretten heller... Musikkøvinga, diverse treningar, fritidsklubben osv Det er rimeleg hektisk ja. Heldigvis er det nokre veker til skisesongen startar... Men vi likar det! Og ja, vi rekk både å vere litt sosiale og kose oss heime i tillegg.
Både mannen og eg er van med slikt aktivitetsnivå frå vi gjekk på barneskulen, det gjaldt å vere med på det meste, alt var kjekt og ingenting kunne velgast vekk. Leksene gjekk kjapt unna (men med skikkeleg arbeid) og det gjaldt å vere effektiv. Og slik er det med eldste også. Minste er for lita for eigne aktivitetar, men heng med på fotballturneringar, handballturneringar, friidrettsstemner og diverse treningar. Og er blodig fornærma om ho ikkje får vere med. Det er då stor stas med masse folk, liv og røre! For oss er dette aktivitetsnivået heilt greitt, men eg skjønnar at det kan bli for mykje av det gode for andre.
|