Eg var skikkelig lesehest og litt sjenert av meg. Foretrakk å leike med guttar framfor jenter. Blei "forlova" med nabogutten allerede då eg var 3-4 år Og så HATA å gå i barnehagen. Hadde praktikant fram til siste året før eg begynte på skulen. Då innsåg mamma at skikkelige praktikantar var det omtrent umulig å få tak i, så eg begynte i barnehagen. Eg var vant til å styre dagen min sjølv og velge fullstendig fritt kva eg ville holde på med, så det blei litt av ein overgang. Dessuten var ikkje kjæresten min der, så eg lengta heim til han. Stakk av frå barnehagen ganske ofte, men dei klarte alltid å fange meg før eg hadde komt meg heim "Forlovelsen" glei gradvis over då eg begynte på skulen og blei kjent med andre guttar, men den dag i dag er eg litt svak for han Lurar på kor han er for tida. Google litt.....