Når innføring av fast føde stoppar opp
Me byrja for eit par veker sidan med smaksporsjonar med graut. Han likte det kjempegodt! Me gav også bittelitt sviske for å hjelpe ein vanlegvis treig mage. Det likte han ikkje. Så forsøkte me litt middag (grønsakspuré). Det likte han virkelig ikkje. Etter det har han nekta å smake graut også!
Eg har fortsatt med å forsøke å gi han, men han tar den første smaken, så er det stopp. Har forsøkt eit par ulike typar utan hell.
Har også forsøkt å la han smake på fruktpuré, men det er like fælt.
Hadde ikkje gidda stresse så alvorlig med dette hadde det ikkje vore for at me sover katastrofalt dårleg for tida. Ammar tre gonger per natt og han er våken svært ofte utanom dette også. I natt var han våken i halvanna time rundt 24-tida og halvanna time i 5-6 tida.
Eg er litt ambivalent i forhold til dette. På eine sida er eg redd for at Lillebror skal byrje foretrekke fast føde framfor puppen sånn som storesøster gjorde. På den andre sida er eg redd for at han skal bli like småspist og kresen som henne.
Bør eg fortsette med å tilby graut kvar dag?
Dersom me bør ta pause, kor lenge?
__________________
Bergensis
|