Kva er det med Nordstoga?
Er det mogleg å IKKJE like Odd Nordstoga? No høyrer vi på Luring i bilen til og frå jobb/barnehage kvar dag (og eg har han på ipoden...), og vi er heilfrelste heile gjengen. Fleire som liker han? Min favoritt har lenge vore "Kom" (det er berre SÅ kult – ein song om ein mislykka one-night-stand!). Men både Farvel, Hallo hallo og Mademoiselle er kjempebra. Også Lause ting! Snakk om å fange ein typisk situasjon!
Nei, det er berre å innrømme det – eg er ihuga fan!
|