Sv: Har du en "merkelig", irrasjonell frykt?
Er veldig redd kveps etter å ha blitt angripe av ein sverm jordkveps som barn. Hadde totalt 14 stikk på armar og ansikt. Kan tru eg fekk panikk da det sat fast ein diger kveps på lillebrors lubne arm i sommar. Skrekk og gru. Sto rett opp og ned og hylte. Ikkje særleg rasjonelt
Får regelrette angstreaksjonar av oppkast. Dette er ingen fobi. Det er angst. Kroppen reagerer på ein veldig primitiv måte - eg fryser fast nesten utan evne til å handle eller reagere, sliter med å puste og får etterkvart trang til å flykte. Dette er truleg pga. smertefulle angioødem som oftast følger når eg kastar opp. Sjølv om folk kastar opp pga. fyll, så reagerer eg sånn til tross for at det er liten risiko for smitte (anna enn sjølvpåført smitte da). Mannen her i heimen har eineansvar for barn under omgangssjuke, stakkars.
__________________
Bergensis
|