Sv: Skikkelige blundere og andre artige mathistorier
Huff a meg, her kan eg jammen bidra:kremt:
1. Skulle lage delfia kake og ha med i bhg. Skulle vere litt kaffe i den, men når man har det travelt kan man jammen blingse på målet. Kaka sto lenge og vel i frysen men neida den var like blaut. Seigmennene som eg hadde pynta med sto og skreik om hjelp. Kun hode og hender som stakk opp fra kaka. For å sei det sånn, den kaka størkna aldri!
2. Skulle lage sjokolade kake. Hadde en veldig gammal Kenwood miksar etter min bestemor. Medan miksaren gjekk hørte eg plutselig eit lite smell, men miksaren fortsatte å gå den så eg tenkte ikkje meir over det. Då eg serverte kaka,fekk gjestane ikkje berre kake mellom tennene,men x antall plast delar...Det var nemlig Kenwood merket som hadde falt ned i røra og gått i tusen bitar. Gud det var pinlig
3.En annen gang var eg hekta på å lage piroger med kjøttfyll. Var alltid heftig med gjæren . En dag en kompis av min mann skulle komme innom skulle eg servere piroger. Selfølgelig hadde eg skrytt over kor gode dei skulle bli.
Kom godt i gang,masse gjær of course,men så fekk eg ikkje klistra dei i hope. Dei åpna seg heile tida. Eg vart så irritert at eg fant ut at eg laga heller en pizza. Trykte deigen utover plata og helte på fyll. Det var igrunnen mykje deig og lite fyll,men pytt pytt. Smelte pizzaen i ovnen. Medan pizzaen sto i ovnen satte eg meg i stova med mann og kompis.
Synet som møtte meg då eg gjekk og tok ut pizzaen var verdens tjukkaste botn. Eg trur ikkje eg tar hardt i når eg seier at pizza botn var ca 15 cm høg......
Det var sånn at når du prøvde å bite over den,så hadde vi store problem med å klare det(til tross for at vi var døds svoltne). Enden på visa var at vi måtte finne fram en kniv og skjære vekk 98 prosent av botn
Har mange fleire med det held kanskje no?
|