Sv: Julemiddag og alkohol
Opprinnelig lagt inn av Line*, her.

Huff, nå kom jeg til å tenke på alle de stakkars barna som faktisk gruer seg til jul pga alkoholmisbruk. 
Ja, og det er då det som er det store problemet. Ikkje at eg eller du tek ei øl til maten. 
Eg vaks opp i ein stor familie (besteforeldre, oldeforeldre og mange tanter og onklar), og det stod alltid ei flaske raud- og ei flaske kvit vin på bordet når det var bursdagar, sommarfestar el.l. Men eg såg aldri nokon av dei bli synleg påverka, og nokre gongar vart ikkje flaskene opna i det heile tatt. For meg er ikkje vin nokon trussel mot familiekos. Men e forstår godt frykta og dei sterke reaksjonane hos dei som har vakse opp og vore utrygge fordi foreldra har drukke seg fulle i deira påsyn.
|