Sv: Nynorsk?
Eg meiner at Nynorsk har ein så sentral plass i norsk skriftspråk og språkhistorie at ein burde satse endå meir på at fleire skulle kunne skrive det.
Nynorsk språk har eit grunnlag i det opphavlege språket her til lands, gamalnorsk, i mykje større grad enn bokmålet, som har sitt opphav i dansk skriftspråk.
Grunnen til at nynorsk er så upopulært i bokmålsdistrikt er truleg at lærarane som underviser i faget har lært nynorsk på den mest konservative måten, og kanskje av den grunn ikkje er så veldig entusiastiske.
Nynorsk er eit interessant språk som har eit mangfald mykje større enn bokmål.
|