Sv: "jeg er en sånn hønemor jeg skjønner du"
Å vere overbeskyttande er absolutt eit negativt omgrep for meg. Dersom foreldre seier (og meiner) at dei er overbeskyttande så bør dei absolutt vurdere å tøye eigne grenser for borna si skuld. Eg synest det er trist med born som aldri får lov til å klatre i tre eller leike litt uvørent fordi foreldra er overbeskytttande. Då frårøvar foreldra dei viktig motorisk trening (og ein normal, sunn oppvekst) på grunn av eigen angst.
|